Oppføringer av endre

Første pølsene klare for sal

Dei første spekepølsene vi har laga for sal har vi hatt hengande til tørking og speking på ei sjøbu på Rekstavågen, sidan dei kom ut av røyken. Pølsene har hengt på stenger opp under taket og eit trebrett, med flogenett rundt, for å hindre fuglar og småkryp å komme til. På bualoftet er det mørkt […]

Innviing av røykekonteiner

Vi har laga oss eit litt utradisjonelt røykehus. Dette ser ikkje ut som eit godt gammaldags stabbur eller bakstehus. Det er rett og slett ein utrangert konteiner, som tidlegare har frekventert Nordsjøen. No har den fått nytt liv som røykehus på Reksta. Truleg har den i sitt tidlegare liv gått ut og inn Rekstafjorden på […]

Frå kjøt til pølser

Dagen er komen for å omforme vakuumpakka kjøt til pølser. Denne prosessen skjer også på foredlingsanlegget på Mo – i reine trygge omgjevnader. Det er nesten utruleg at dei store posane med kjøt, som har lege til modning i fleire veker, no skal bli til pølser. Mjølkesyrebakteriane har gjort jobben med  fermentering av kjøtet – […]

Pølser av eigne sauer

24. oktober starta vi på den første produksjonen av eigne pølser. Vi leigde foredlingsanlegget til Mo og Øyrane VGS. Vi hadde 25 skrottar av voksne villsauer, som vi skar ned, kverna opp og tilsette salt (40 gram pr kilo kjøt). Til slutt vakuumpakka vi den ferdige kjøtfarsen og frakta den heim for modning.

Pølsekurs hos Magnhild

I oktober 2014 var vi (3 generasjonar) på pølsekurs heime hos Magnhild Dyrdal, for å lære meir om mjølkesyrebakteriar og pølseproduksjon etter gammal metode. Magnhild er kjent frå filmen «Folk ved fjorden», og er levande opptatt av å vidareformidle kunnskapen sin. Magnhild har vokse opp med å lage pøls ved hjelp av mjølkesyrebakteriar, og ønskjer […]