Kortreist – økologisk lokalmat – utan tilsetjingsstoff
Vilt godt!
Reksta Villsau tilbyr kortreist lokalmat i form av økologiske spekepølser – heilt utan tilsettingsstoff – handlaga etter gammal metode og oppskrift. Pølsene inneheld berre kjøtt av villsau i tillegg til salt (utan nitrit). Vi lagar ein variant der 25 % av villsaukjøtet er bytta ut med hjortekjøt – elles er oppskrifta lik.
Både gardsdrifta og produksjonen av dei reine villsaupølsene er og ramslaukpuréen er debiogodkjente. Reksta villsau tilbyr også dekorative skinn og rumpevarmarar av villsau.
Her skal det bli nytt låvetak. Eternitten skal erstattast av stål.
Enkelte går på vatnet for å sikre seg ein godbit😊
Vi har reist på ferie, men kjøleskapet i gardsbutikken er fylt opp med spekepølser, ramslaukpuré og rognebærgelé. Det er berre å ta turen til Rekstakjellaren😊
Sommarens treningsleir er i gang💚 Det er hardt arbeid og ei stor glede å sikre sauene vinterfôr og å halde kulturlandskapet vedlike💪
Denne helga har @nofence-damene våre flytta til sommerbeite på naboøya. 12 sauer med lam har forflytta seg i traktorkasse og båt, og kan sjå fram til ein fin sommar innanfor eit digitalt gjerde🍀
Då har dei siste fjorvêrane flytta på holmeferie🏝️
Då har dei 16 første fjorvêrane flytta til holmebeite, men først var det behandling mot innvollsnyltarar og flått. Transporten gjekk med både traktor og båt. No kan det grøne graset og sommaren komme☀️
Alltid stas å få eit lam til å suge på fingeren🍼