Personvernerklæring Reksta villsau

Denne personvernerklæringa fortel korleis Reksta Villsau som behandlingsansvarleg samlar inn og brukar personopplysningar.

Adressa vår:
Rekstavegen 481, 6915 Rognaldsvåg – org.nr 969 311 771

Erklæringa gjeld for følgjande: www.reksta.no

Reksta Villsau, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

Erklæringa inneheld informasjon som du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

Vår databehandlar på denne nettstaden er

Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240.

Kva for personopplysningar vi samlar inn, og kvifor vi gjer det

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøkjer ei nettside.

Føremålet er både å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugse innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong.

Vi brukar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som besøkjer nettsidene å oppgje personopplysningar i samband med  tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å fylle ut og sende inn skjema.

Viss du besøkjer denne nettstaden så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.

Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre første gruppene i adressa vert bruk til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at all data vert slått saman til èi gruppe og ikkje behandla individuelt.

Døme på informasjonskapslar som vert nytta for Google Analytics er:
_ga: Vert sletta automatisk etter 2 år. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gid: Vert sletta automatisk etter 24 timar. Vert brukt for å skilje brukarar frå einannan.
_gat: Vert sletta automatisk etter 1 minutt. Vert brukt for å fordele trafikk/spørringar. Når Google Analytics vert distribuert via Google Tag Manager, vert denne informasjonen kalla _dc_gtm_ .

Rettleiingar:

Viss du har ein brukarkonto og loggar på denne nettstaden, lagar vi ein mellombels infokapsel for å finna ut om nettlesaren din godtek infokapslar. Denne kapselen inneheld ingen personlege data, og blir fjerna når du lukkar nettlesaren. Men når du loggar inn, lagar vi fleire infokapslar for å lagre innloggingsopplysningane og skjerminnstillingane dine. Innloggingskapslar varar i to dagar, og skjerminformasjonskapslar varar i eitt år. Viss du vel «Hugs meg», vil innlogginga vare i to veker. Viss du loggar ut av brukarkontoen din, blir innloggingskapslane fjerna.

Viss du redigerer eller legg ut ein artikkel, vil det bli laga ein infokapsel i nettlesaren din. Den inneheld ingen personlege opplysningar, og viser berre til innleggs-IDen til artikkelen du redigerte. Den går ut etter ein dag.

Kommentarar

Viss det er opna for kommentarar på enkelte innlegg på nettstaden, og du legg inn ein kommentar i kommentarfelt, så samlar vi inn opplysningar i kommentarskjemaet, i tillegg til IP-adressa og opplysningar om nettlesaren, for å hindre søppelkommentarar. Kommentaren vert synleg for alle som vitjar den aktuelle sida fram til du eventuelt slettar den.

Media

Viss du lastar opp bilete til nettstaden, bør du unngå å laste opp bilete med innebygde plassdata (EXIF GPS). Viss ikkje desse dataene er fjerna kan dei som får tilgang til biletet kanskje kunne sjå kor og når biletet er teke, og kva kamera som er nytta.

Skjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden, så vert dei opplysningane du legg inn lagra bak innlogging på nettstaden, og er tilgjengeleg for administrator og vår dataleverandør, i tillegg til at opplysningane vert sendt oss på epost. Sensitiv informasjon skal ikkje sendast via skjema sidan eposten med dataene vert sendt ukryptert. Vi lagrar opplysningane i våre system så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale medier osv.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.

Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing, og overvake korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

Kven vi deler opplysningane dine med

På alle nettstadane nyttar vi informasjonskapslar (sjå forklaring lenger oppe). Viss du fyller ut skjema på nettstaden vert dataene du fyller inn, saman med tidspunkt og IP-adresse sendt til oss på epost, i tillegg til at dei vert lagra bak kryptert pålogging i skjemaverktøyet vårt.

Data som vert sendt inn via skjema på ei av desse tenestene vert lagra på server hos vår databehandlar, som har teieplikt og som vi har databehandlaravtale med.

Kor lenge vi lagrar opplysningane dine

Viss du kommenterer eit innlegg, blir kommentaren og opplysningane om han lagra. Det er fordi vi skal kunne kjenne att og godkjenne oppfølgingskommentarar automatisk i staden for å halde dei i kø for godkjenning.

Vi lagrar opplysningar om brukarane som registrerer seg her, t.d. alle som har tilgang til å redigere innhald på nettstaden, så lenge som dei sjølve ønskjer å ha brukartilgang. Alle brukarar kan sjå, endre og slette personopplysningane sine når som helst, men dei kan ikkje endre brukarnamn. Styrarar på nettstaden kan òg sjå og endre desse opplysningane.

Viss du har sendt oss opplysningar via eit skjema, eller har eit kundeforhold til oss, så lagrar vi opplysningane så lenge som naudsynt for å kunne yte tenester til deg. Vi ønskjer å behalde dataene også etter at vi er ferdige med å vere leverandør, eller behandlar førespurnaden frå deg, for å kunne sjå historikken og dermed betre kunne hjelpe deg ved seinare høve.

Kva rettar du har over opplysningane dine

Viss du har ein brukarkonto, eller har skrive kommentarar på denne nettstaden, kan du be om å få ei eksportfil med alle dei personopplysningane vi har om deg, mellom anna alle opplysningane du har gjeve oss. Du kan òg be om at vi slettar alle personopplysningar vi har om deg. Kontakt oss dersom du vil at vi skal gjere dette. Dette gjeld likevel ikkje data vi må lagre av administrative, juridiske eller tryggleiksgrunnar.

Har du spørsmål om dette, eller om korleis vi elles behandlar personopplysningar vi innhentar gjennom andre kanalar, så er du velkomen til å ta kontakt med oss.