Produkt oversikt

Produkta kan bestillast direkte eller på REKO-ring og Bondens Marked

Slik kan du handle med oss:

Ring eller send e-post, så leverer vi varene – anten direkte eller med posten.

Du kan velje mellom å betale på forskot eller via postoppkrav.

Vi lagar spekepølsene etter ein gammal metode, utan tilsetjingsstoff. Pølsene inneheld berre fermentert kjøt og 35 gram salt pr kg kjøt

  • Økologisk villsaupølse: 100% villsaukjøt
  • Villsau- og hjortepølse: 75 % villsaukjøt og 25 % hjortekjøt
  • Store pølser kr 498

    Villsau eller villsau & hjort – ca 600 g.

  • Små pølser kr 260

    Villsau eller villsau & hjort – ca 300 g.

Vi sender dei finaste skinna til garving, og får tilbake flotte, varmande og dekorative skinn. Villsauskinna sel vi heile eller som sitteunderlag.

Sitteunderlaga dekorerer vi på undersida, og får «tittel» som rumpevarmar, musevarmar, ballevarmar, endevarmar… Vi kan og lage dei meir personlege med namn og dato til dåpsgåve, bursdagspresang m.m.

Gavetips Reksta Villsau

Ramslauken – som blir kalla vikingane sin kvitlauk – veks i store mengder her på Reksta. Vi plukkar blada i april/mai og lagar puré av dei.

Økologisk ramslaukpuré frå Reksta:

  • 100 gram nyplukka økologiske ramslaukblad
  • 5 gram havsalt
  • 1,25 dl økologisk norsk rapsolje – okoraps.no

Ramslaukpuréen brukar vi som marinering på kjøt og fisk. Dessutan er det nydeleg å blande 1 – 2 teskeier i ein rømmeboks til dressing, på pizzaen, som dip….

Nyplukka og nylaga med norsk økologisk rapsolje

Ein skikkeleg snadderpakke til deg sjølv eller andre. I pakken finn du ei valfri pølse (villsau eller villsau & hjort) – i tillegg får du eit glas med rognebærgelé og eit glas med ramslaukpuré.

Ein skikkeleg matnyttig pakke – for dei som ønskjer seg noko godt 🙂

  • REKSTApakke kr 369,-

    1 valfri pølse, ca 250 gram
    1 glas rognebærgelé
    1 glas ramslaukpuré

Rekstapakke - reksta.no

Vi lagar kjekke rekvedkassar av gjenbruksmateriale og rekved.

Vi likar fjøler med litt fargar på og er stadig på skattejakt i fjæresteinane. Reksta betyr staden der ting rek i land – og her kjem det mykje fint i land – i tillegg til forferdeleg mykje stygg plast. Vi plukkar begge deler.

I kassane våre finn du både gamle butikkhyller, kanskje ein kjøkkenvegg og runde fine rekvedpinnar. Kassane er fine som dekorasjon og til brødkorger, serviettar m.m.

Rognebæra heng høgt og er utruleg sure og bitre – men passar fint som gelé til kjøtmiddagen eller på osten. Vi gir bæra minst ei frostnatt i fryseboksen, før vi kokar dei opp i lag med halvparten så mykje eple som bær. Deretter vi silar vi massen og kokar opp igjen safta med sukker.

Resultatet er ein syrleg og god gelé – som er supert tilbehør til kjøtkakene eller andre kjøtrettar av til dømes villsau eller hjort.

Blogginnlegg om rognebærgelé

  • Rognebærgelé 167 ml:

    kr. 69 pr glas

Rognebær - Reksta villsau

På hausten lagar vi ein del pinnekjøt av vaksne sauer – dvs. 1½-åringar.

Økologisk pinnekjøtt av villsau er vilt godt!

Nortura skjer ned kjøttet for oss, så saltar og tørkar vi det sjølve. Ta gjerne kontakt i god tid før jul om du er interessert.

Pinnekjøtet er klart for levering i midten av desember.

Vi er dessverre utselt for pinnekjøtt i år!

På hausten lagar vi ein del spekekjøtlår av vaksne sauer – dvs. 1½-åringar.

Økologisk fenalår av villsau er vilt godt!

Nortura skjer ned kjøttet for oss, så vakuumsaltar og tørkar vi det sjølve. Vi nyttar 40 gram salt pr kg kjøt

Fenalåra er klare frå april månad.

Vi tar i mot bestilling på fenalår til glade festdagar!

REKSTA VILLSAU - reksta.no