Skinn i stol

Flotte villsauskinn

No har vi fått ein haug med flotte, mjuke og deilige villsauskinn frå garveriet. Då vi sende lam og sauer til slakteriet i haust prøvde vi plukke ut dei flottaste skinna til garving, og vi er godt fornøgde med resultatet.

Her er det innslag av kvitt, grått, brunt og svart – ja noko for ein kvar smak. Vi har tatt bilde av eit lite utval av skinna, som du kan bla deg gjennom her. Kanskje du finn eit som vil passe perfekt i godstolen eller sofaen din?