FAQ // OSS
Ofte stilte spørsmål
Kor mykje salt er det i Reksta villsau sine spekepølser?
3,5 % dvs. 35 gram salt per kilo ferskt kjøt.
Kva krydder og andre tilsettingsstoff er det i spekepølsene?
Kjøttet er berre tilsett salt, og så fermentert (langtidsmodna). På den måten får vi fram den gode smaken.
Kor mykje fett / svinekjøtt er det i spekepølsene?
Ingenting! Det er berre kjøt av villsau, eller villsau og hjort.
Kven lagar pølsene?
Vi gjer alt sjølve, utanom slakting. Det tar Nortura seg av.
Kven garvar villsauskinna?
Granberg garveri.
Korleis brukar ein ramslaukpuré?
Vi blandar den med rømme og lagar dressing, eller vi har det på kjøt og fisk som vi skal steikke eller grille. Ramslauk er vikingane sin kvitlauk, og kan brukast på same måte.
Korleis handlar vi med Reksta villsau?
Vi kan møtast på Bondens Marked, Rekoringen Florø og diverse andre marknader / festivalar. Vi har og eige gardsutsal på Reksta.
Du kan også bestille via e-post larserik@reksta.no, så sender vi Norgespakke med Posten.