Oppføringer av endre

Bondens Marked – det kan vere farleg…

I dag har vi stått på Bondens Marked på torget i Florø. Vi  stod i lag med Fjord Gardsmat, Sognefjord Sjokolade, Jevnlid Garden, Heimtun, Håjen Lefsebakeri og Kandal Kjøtt – ein triveleg gjeng som holdt ut i pøsande regn. Sjølv om vêret ikkje var det beste, så møtte Florøfolk opp i rykk og napp utover […]

Vi legg oss langflate

Vi har dessverre oppdaga at vi har feilmerka eit bittelite parti med pølser. Den 14. november pakka vi siste delen av nokre pølser og måtte skrive ut eit ekstra ark med etikettar. Då har vi rett og slett blingsa – og det står best før 1.7.2016. Det rette skal sjølvsagt vere 2017! 15 av desse […]

Pølsekurs og julemesse

Denne laurdagen har gått med til både pølsekurs og julemesse i Florø. For å rekke over begge deler mått vi rett og slett dele oss. Lars Erik reiste på pølsekurs med Magnhild Dyrdal og Norsk Hjortesenter. Anita stilte på julemessa til Flora Husflidslag på Samfunnshuset. På julemessa gjekk salet av pølser strålande. Det er kjekt […]

Nye pølser hos naboen

Denne laurdagen har vi vore på besøk på naboya Svanøy, for å lage pølser. Vi pakka med oss 100 kilo fermentert saue- og hjortekjøt, og tok båten sørover i 3 kvarter. Etter 7 timar med elting og stapping returnerte vi med like mange pølser, laga av 75 % villsaukjøt og 25 % hjortekjøt, berre tilsett […]

Marknad under regn, sol og opera

Vi har lagt bak oss ein travel periode med kjekke marknadsdagar, i både pøsande regn og steikande sol. 13. og 14. august gjekk Eikefjorddagane av stabelen i øs pøs plaskeregn. Heodigvis var vi plassert i eit stort telt, slik at både vi og kundane var under tak. Til tross for ufyseleg vêr hadde vi bra […]

Pølser er festival- og sommarmat

Denne sommaren har pølsesalet gått unna for vår del. Tidleg i vår var vi på to Bondens Marked – utan at det gjorde det heilt store innhogget i pølselageret. Det var vår debut på BM og vi er godt fornøgde. Etter det har vi levert pølser til Minibakeriet på Eid, Jøstraholmen på Vassenden og ikkje […]

Nyttefriluftsliv

Søndagsturen gjekk til Skorpa og Blåkollen (393 moh.) i dag – i lag med kjekke ungdommar. Vi hadde med oss god mat til både folk og dyr. Flokken vår med fjorårets simpelam er på vinterbeite på naboøya Skorpa, og dagens tur var ein fin kombinasjon av fjelltur og beitetilsyn – såkalla nyttefriluftsliv. Vi fann flokken […]

200 pølser i tarm

I dag har vi stått på frå morgon til kveld og laga i overkant av 200 pølser av ferdig fermentert kjøtt. Dagens produksjon inneheld 75 % økologisk villsaukjøtt og 25 % hjortekjøtt. Dette er ein spennande kombo, som både vi og kundane våre har store forventingar til. Vi elta opp kjøtet med hakke denne gongen. […]

100 pølser og kverning av hjortekjøtt

Denne laurdagen har gått med til pølsestapping og kverning av hjortekjøtt til neste produksjon. Villsaukjøtet som har lege til fermentering i vekesvis vart til rundt 100 pølser, som vi frakta med oss heim for røyking, tørking og speking. Det er ein lang prosess frå nedskjæring til ferdige pølser. Denne gongen har vi kjøpt inn hjortekjøtt […]

17. mai-pølsene undervegs

I dag har Lars Erik og Frank vore i full jobb på foredlingsanlegget til Mo og Øyrane VGS. Dei har skore ned over 150 kg økologisk villsaukjøt, som vi har kjøpt på ei naboøy. Etter at kjøtet er skore frå beina er det opp i den store kjøtkverna, og så går det vidare til kjøtkakka […]