Nye pølser hos naboen

Denne laurdagen har vi vore på besøk på naboya Svanøy, for å lage pølser. Vi pakka med oss 100 kilo fermentert saue- og hjortekjøt, og tok båten sørover i 3 kvarter. Etter 7 timar med elting og stapping returnerte vi med like mange pølser, laga av 75 % villsaukjøt og 25 % hjortekjøt, berre tilsett 35 gram salt pr. kg kjøt.

Tidlegare har vi laga alle pølsene på Mo og Øyrane VGS sitt foredlingsanlegg på jordbruksskulen. I dag fekk vi testa ut anlegget til Norsk Hjortesenter på Svanøya. Det fungerte svært godt til vårt bruk, og så ligg det jo geografisk nærare – men logostikken var litt tungvint denne gonegen. Vi lasta det vakuumpakka kjøtet først opp i traktorskuffa, køyrde det ned til kaia, og bar det om bord i båten vår. Vel framme på Kvalstad lasta vi det frå båt til bil og så i hus – og så same prosedyre med ferdige pølser heim igjen.

Vi kjem gjerne igjen til Norsk Hjortesenter for å produsere pølser, men då blir det med bil og rutebåt – slik at vi får med oss kjøt og pølser i bilen frå dør til dør. Det var forresten ein nydeleg haustdag i dag, med sol frå blå klar himmel. Vi fekk ikkje nyte det så lenge vi stod inne i produksjonen, men båtturen begge vegar var nydeleg!