Vi tilset berre salt, 40 g pr kg kjøt

Nye pølser undervegs

Etterspørselen etter dei økologiske spekepølsene har vore overveldande. Så overveldande at vi har sett i gong med ein ny produksjon.

Vi har ikkje fleire sauer å slakte på denne tida av året, så vi tok ei telefonrunde for å høyre om nokon hadde økologisk villsaukjøt til sals. Vi fekk napp på ei naboøy – Færøya – så då var det berre å få klarsignal hos Mattilsynet og setje i gong.

Skrottane var grovparterte og frosne ned i slaktesesongen sist haust. Då var det for oss å ta med kjøtet til foredlingsanlegget på Mo og Øyrane VGS, for nedskjæring, oppmaling, tilsetting av salt og vakuumpakking. Denne gongen fekk vi med junioren, og vi jobba i 12 timar for å få alt klart til fermentering.