Sanking, sortering og merking

Denne helga har gått med til sanking av sauer, sortering og merking for vidare skjebne. Sidan vi skal levere rundt 60 dyr til slakteriet på måndag, er det greit å få alle i hus og sortere.

Denne gongen skal vi levere 25 lam og 35 fjordyr. Då er det greitt å få levert det vi skal av vêrlam – slik at vi ikkje får brunstsmak på dei. Fjordyra er lam frå i fjor som vi har fôra over ein ekstra sesong. Fjorårets vêrlam har vi sendt frå oss, så denne gongen er det gimrer som står for tur. Dei kriteria vi har bestemt oss for å gå utifrå er først og fremst storleik og om dei røyte ulla på naturleg vis (misser den slik villsauen skal). Ellers så ser vi nok litt på både lynne og farge – og så må halen vere ullalaus.

Fredag og laurdag fekk vi bortimot alle dyra i hus. Då nytta vi sjansen til å skrive opp nummera på alle sauen og sjekke om dei virka friske og raske. Ein del av dei eldste sauene (10 år +) misser tennene, så det må sjekkast for å sjalte ut dei tannlause. Søndagen gjekk vi ein ettersanketur for å leite etter ein liten saueflokk, då fann vi dei 4 store vêrane våre som hadde stukke til fjells – lure men lettlurte:) Dei dilta etter oss heim igjen.

Søndagskvelden gjekk med til å plukke ut slaktetdyr. Fjordyra som skal bli pinnekjøt og pølser vart merka i øyrea med «Debiogodkjent økologisk» og «Nisjeprodukt». Dyra med flotte skinn fekk merke i øyra, slik at dei blir sendt til garving