Sauene får ein godbit i snøen

Sauer, snø og ungar

Det er ikkje så ofte at vi har både is og snø, som varer lenger enn tre dagar. Når vi fyrst får det er det ei fryd for alle. Vi har ungar og barnebarn på besøk – og har kosa oss saman på sjø og land. Laga snømann, aka, grilla og gott ein ekstra godbit til sauene.

Sauene beitar på lyngen no om vinteren. Når snøen kjem trekkjer dei heim til hus og fjøs, for då veit dei at her er det mat å hente. Vi har opna siloen og fôrar sauene inne i fjøsen. Straks dei har fått seg ein godbit går dei ut igjen på beite. Vêrane som går på eit beite for seg sjølve får fôret i ei fôrkorg der. Alle dyra våre har tilgang på husly, men dei føretrekkjer å vere ut – sjølv om det er snø i lufta.