Pølsestapping Reksta Villsau

Sesongens første pølser i tarm

I dag har vi stappa sesongens første pølser. Den salta kjøtdeiga har lege i vakumposar og melkesyrebakteriane har gjort fermenteringsjobben i 4-5 veker. Den hardaste jobben er å kna opp kjøtet. Lars Erik er sterk i klypa så det er hans jobb 🙂

Anita tar seg av sjølve stappinga i tarmen. Det er alltid spennande å sjå om ein oppnår rett vekt. Målet vårt er at kvar pølse skal vere minst 1000 gram. Denne helga har vi produsert over 200 pølser, som no skal vidare til røyk og tørking. Så ein gong i november er pølseprosessen ferdig. Spennande!