Spennande besøk frå Oslo og Bergen

Denne helga fekk vi – heilt tilfeldig – besøk av to spennande kollegar frå aust og vest.

Magnus og Gunhild frå Indre Oslo Matforedling, tok kontakt fordi dei ferierte på naboøya Batalden. Det same gjorde Ruth og Jørn Hafslund, frå Ostegården i Fana. Dei var på seglferie rundt om i Floraskjergarden.

Det var utruleg kjekt å utveksle erfaringar med folk som driv med mathandverk – litt på same måte som oss – og samtidig heilt ulikt. Medan vi driv på den ytterste nøgne ø, så driv gjestane våre midt i tjukkaste Oslo-gryta – og i utkanten av Bergen.

Vi har mange felles utfordringar og hadde mykje å prate om – og så utveksla vi gode smakar!

Innimellom besøka rakk vi å få i hus litt tørrhøy:)

Takk for triveleg og matnyttig besøk!