Sanking og sortering

Det er høgsesong for sanking og sortering

På denne tida går helgane mykje med til å samle dyra i hus, og sortere ut dei som skal slaktas. Nesten alle vêrlamma blir merka og sende til Nortura. Dei som vi ser er for små får ein ekstra sesong på Reksta. Slike fjordyr-vêrar er dei første vi slakter neste haust – for å unngå brunstsmak. Vi fôrer også over ein stor flokk med simpelam – der nokre blir avlsdyr året etter, mens dei aller fleste endar som fantastisk gode spekepølser. Vi brukar berre vaksne dyr – dvs. 1 år og eldre til produksjonskjøt (spekepølser og pinnekjøtt).

Når vi sender dyra til Nortura må dei merkast i øyra med plastmerker:

  • NISJE (dersom produksjonskjøtt i retur)
  • DEBIO (økologisk)
  • RETURSKINN (dersom skinnet skal gravast)