Fargerik øyrepynt

I desse slaktetider går det mykje tid til å sortere ut kven som skal vidare i avlen – og kven som skal ende som produksjonskjøt.

No har vi hatt i hus og sortert hodyra som er fødde våren 2018. Nokre skal leve vidare som sauer, og skal bli mødre neste vår – men dei aller fleste skal bli til deilig sauekjøtt. Det er snart tid for pinnekjøtt – og det er desse dyra som skal bli årets julemiddag.

Når vi sender til slakteriet må dyra merkast godt. I utgangspunktet har alle eit elektronisk ID-merke i øyret. No får dei i tillegg eit gult metallmerke som viser at dei er økologiske og eit kvitt plastmerke som fortel at at dei er nisjeprodukt – dvs. at vi skal ha kjøtet i retur og produsere mat for sal. Det siste merket dei eventuelt får i øyra er eit raudt plasmerke som fortel at skinnet skal sendast til garving – og så i retur til oss.