Nye vêrar frå Værlandet til Reksta

I dag har vi nytta godvêret til ein båttur sørover over Stavfjorden til Værlandet. Der har vi henta 4 avlsvêrar – 3 av dei skal gi nytt blod til flokken vår. Paringssesongen startar om ca. ein månad.

Vi henta vêrane på ein holme hos Hilde og Anders i Værlandet. Turen med båt ein veg tok ein god time, i sol og litt sjøskvett. Vel heime på Reksta sette vi dei på land på ein holme – slik at ikkje damene skal bli for freistande. Blir spennande å sjå kva slags fargar det blir på neste vårs lam.

Staute vêrar 😀