Høgt, surt og godt

Denne hausten har det vore uvanleg mykje rognebær – og dei har holdt seg fine uvanleg lenge utover hausten.

Vi har plukka kilovis med rognebær – og laga syrleg og god rognebærgelé – som passar godt til vilkjøt, kjøtkakene, villsaukjøtet, i sausen og på ostebordet.

Rognebæra er bitre, men det hjelper på å gje dei ei frostnatt – og den får den i fryseboksen her hos oss. I tillegg blandar vi inn rikeleg med eple og sukker for å få ein mildare og betre gelé. Først kokar vi rognebær, eple og vatn – for så å sile av safta. Safta blir kokt opp igjen med sukker (og evt. litt ekstra pektin) – før det blir fylt på nykokte glas. Vi sel rognebærgelé på ulike marknader, Bondens Marked og REKO-ringen.

NRK MAT finn du fleire tips om bruk av rognebær.