Ramslauk i bøtter og spann

Det bugnar av grønne godsaker i fjellsidene her på Reksta no. Vi har vore ute og plukka ramslaukblad i bøtter og spann. Ramslauken blir kalla den nordiske eller vikingane sin kvitlauk – og den ville kystplanten har mykje til felles med kvitlauk.

Vi plukkar blada i april / mai og lagar ramslaukpuré, som held seg i mange månader.

Vi vaskar blada og hakkar dei i lag med rapsolje og salt. Puréen blir fylt på glas, og er kjempegodt til marinering av kjøt og fisk. Vi brukar den og mykje til dressing. 2 ts ramslaukpuré i ein rømmeboks – kjempegodt

Oppskrifta vår:

100 g ferske ramslaukbad

5 gram havsalt

1,25 dl økologisk rapsolje

Sjå film på Instagram @rekstavillsau