
Reksta villsau • Lars Erik Reksten // Anita Øygard • Rekstavegen 481 • 6915 Rognaldsvåg
Orgnr. 969 311 771 • E: larserik@reksta.no • T: 97164386

Når ein driv med sauer, er ein som regel avhengig av ein del gjerder. Så lenge ein har gjerder, blir ein aldri ferdig med vedlikehald…
Planen vår er å skilje vêrlamma frå sauene og simpelamma. Det er for tida uro i flokken, fordi smågutane jagar og stressar både damene og seg sjølve.
Vêrlamma skal gå på heimebøen til det er slaktetid – medan mødrene og søstrene skal vere innesteng på beite ved Storefjellet / Trollhola. Dermed gjekk denne regnvêrsdagen (og fleire dagar før) med til å bære staur, netting, streng… og ikkje minst å fikse på gjerde.
Det går tursti inn i området, så difor laga vi gjerdeklyv, både nede ved sjøen og der stien går inn til Trollhola. God tur!
Reksta villsau • Lars Erik Reksten // Anita Øygard • Rekstavegen 481 • 6915 Rognaldsvåg
Orgnr. 969 311 771 • E: larserik@reksta.no • T: 97164386